Fem år etter boka E134 Haukelivegen kjem endeleg oppfølgjaren: Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen.
Det er arbeidstittelen på den nye boka som kjem før jul 2022. Med omtrent samme undertittel som forrige bok: Meir mat, natur og kultur mellom øst og vest.
Gjennom store bilde og små tekstar skal du få inspirasjon til å oppleve enda meir av ditt eige land og distrikt. Også boka om stikkvegane blir ei såkalla coffe table-bok i stort format, som gjerne kan ligge framme i stua, på kjøkkenet eller på arbeidsplassen din. Akkurat som boka om Haukelivegen, blir dette ei flott gåvebok til folk du set pris på – eller til deg sjølv!
Det er to-tre stikkvegar som får plass i denne boka:
- Suleskarvegen frå Høydalsmo til Stavanger, inkludert vegstrekningen frå Haukeligrend til Flateland, der riksveg 9 møter Suleskarvegen.
- Rundturen Røldal-Suldal-Sauda-Røldal, inkludert avstikkaren til Jelsa.
Langs alle desse vegane møter vi flinke folk og flott natur.
Nokon vil kanskje påstå at eg tøyer begrepet «stikkvegar» litt langt, men uansett; gjennom nye og historiske bilde, og små tekstar, skal du bli litt meir kjent med vegar som går ut sør-vest frå E134 Haukelivegen.
Du vil kunne kjøpe boka gjennom mange bokhandlarar og andre forhandlarar langs vegane. Alle bokhandlarar får dessutan tak i boka på tre-fire dagar gjennom Forlagssentralen. Bedrifter, organisasjonar og kommunar som ønskjer å gi boka til eigne tilsette eller kontaktar, kan bestille boka direkte frå forlaget.
Dersom du alt no ønskjer meir informasjon eller eit pristilbod, kan du sende ein epost til geirhus@e134haukelivegen.no
Du kan også følgje bokprosjektet på Facebook her,
eller på Instagram her.
Beste helsing,
Geir K. Hus
Mai 2022
Hus Bok & Avis
geirhus@e134haukelivegen.no
Mobil 452 89 333