Dersom du er glad i mat, natur og kultur langs smale vegar, er boka «Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen» for deg! Gjennom store bilde og små tekstar får du inspirasjon til å ta fleire turar på tre av vegane sør-vest frå E134 Haukelivegen, blant anna Suleskarvegen frå Telemark til Rogaland. Du får også vere med på rundturen Røldal-Suldal-Sauda, og tilbake til Røldal på fjellovergangen nesten 1000 meter over havet. Deler av turen er på Nasjonal turistveg Ryfylke.
Over nesten 210 sider får du sjå innom vinbønder, to stavkyrkjer, fossefall, Nord-Europas største steinur og heftig natur og arkitektur. I tillegg til nye bilde frå sjø, land og fly, er boka krydra med ein del historiske motiv. Du får også oppdatert oversikt for vegprosjekta langs hovudvegen E134.
Boka er ei gåve- og inspirasjonsbok som kan ligge framme i stua eller på kjøkkenet. Du kan bla i henne før neste reise gjennom Telemark, Setesdal og på Vestlandet. Bruk gjerne boka som inspirasjon til sommarferien eller helgeturar året rundt.
Alle bokhandlarar får tak i boka på tre-fire dagar gjennom Forlagssentralen. Spør etter boka i dag! Pris: 449 kroner.
Boka er også for kommunar, bedrifter og organisasjonar som vil gje ei fin gåve til eigne tilsette og samarbeidspartnarar. Ta gjerne kontakt direkte med forlaget på e-post.
Du kan også følgje bokprosjektet på Facebook her,
Beste helsing
Geir K. Hus
Hus Bok & Avis
Mobil 452 89 333
Spør gjerne din næraste bokhandel! Du får også tak i boka hos Joker Høydalsmo, Vest-Telemark Museum i Eidsborg, Dalen Hotel, Setesdalsmuseet Rysstad, Hus & Heim i Edlandsgrend, Husflidsbue i Haukeli, Grindberg Møbler i Hovden, Fjellbutikken Suleskard, Byrkjedalstunet Lys, Coop Prix Røldal, Shell Røldal, Nærbutikken Nesflaten, LOMA lokalmatutsal i Sand/Suldal, Companiet Sauda, Åkrafjordtunet og Fjelberg landhandel i Kvinnherad.
Forord: Spennande stikkvegar
Kart over E134 Haukelivegen og stikkvegane i boka
Rundturen Røldal–Suldal–Sauda–Røldal
Røldal: Knutepunkt i fleire hundre år!
Stavkyrkja i Røldal med det vesle krusifikset
Gardsbakeriet på Seim
«One of the most favourite routes in Norway» – vegen gjennom Brattlandsdalen
På Nesflaten lever kraft- og turisthistorien vidare
Husmannsplassen Røynevarden
Den gamle handelsruta gjennom Hylsskaret
Suldalsporten
Opplev garden på Kolbeinstveit
Kvernhuset og møllene i Kvednahola
Blåsjø: 85 kvadratkilometer og 14 demningar!
Suldalslågen
Attraktiv lakseelv i dårlege og gode tider
Friluftsliv på Hanakamneset gard
Loma – lokal mat nesten døgnet rundt
Lovrafjorden
Eplemost og eplevin frå 17 000 epletre på Fuglestein fruktgard
Den vakre strandstaden Jelsa
Sandsfjordbrua
Midtsommardrømmen som går i oppfylling – Midtsommar vingard
Dollarvegen
Jonegarden
Svandalsfossen
Industribyen Sauda med spennande arkitektur og historie
Gamle tradisjonar på ny støl i Saudafjellet
Vinter på sommarvegen mellom Sauda og Røldal
Haukeli–Flateland i Setesdal
Haukeli: Møteplassen mellom øst, vest og sør
Hovden i Setesdal
Gamlevegen
Vatnedalsdammen – ein av Nord-Europas største demningar
Den gamle og vesle kyrkja i Bykle
Bratte berg langs Otra-vassdraget
Suleskarvegen
Eidsborg stavkyrkje og Stålekleivloftet
Dalen – idyllen mellom øst og vest
Rygnestadtunet i det vakre kulturlandskapet
Setesdalsdrakta – folkedrakt med lang historie
Via ferrata opp til Straumsfjellet
Suleskarvegen
Hunnedalen
Byrkjedalstunet med eigne oksar og bakeri
Den gigantiske steinura i Gloppedal
Den store Dirdalen
Gamle og nye vegmerke
Millionar med tonn stein
Frafjorden
Uburhedlaren
Siste etappe: Oltedal og Ålgård
Tilbake på hovudvegen: E134
E134 Haukelivegen
Frå folkevandring til heilårsveg
Gode kjelder og folk
Sponsorar